12. april: Norad-direktør Villa Kulild om norsk bistandsstrategi
Norsk bistand er i ferd med å bli meir innretta mot utfordringar som også berører det norske samfunnet, så som tryggleik og klima. Samstundes må bistanden ta omsyn til den store økonomiske veksten i utviklingsland og til at forholdsvis fleire fattige derfor nå bur i mellominntektsland med minkande bistandsbehov.
Dette framheldt Norad-direktør Villa Kulild på debattmøtet ”Thinking Strategically About Norway’s Donor Role” tysdag 12. april. Den andre innleiaren på møtet var direktøren for europakontoret til Bill and Melinda Gates Foundation, Joe Cerrell. Møtet inngjekk i serien ”Changing Aid” som blir arrangert av Polyteknisk forening med støtte frå UDs Refleksprosjekt på Håndverkeren i Oslo.
Kulild viste innleiingsvis til at Noreg og Luxembourg er dei einaste landa i verda som gir meir enn ein prosent av BNI i bistand. Berre sju land gir over 0,7 prosent. Den norske bistanden har auka frå 11 milliardar kroner i 2000 til 27 mrd kr i fjor. Kulild minte likevel om at bistand berre tilsvarar ein sjudel av ulovleg pengeutførsel frå utviklingsland, ein tredel av private pengesendingar til utviklingsland, og ein femdel av utanlandske direkteinvesteringar.
Kulild konstaterte at målsettingane for norsk bistand har vore oppsiktsvekkande stabile over tid, med vekt på fattigdomsreduksjon, internasjonal solidaritet og støtte til multilateralt samarbeid. Men utviklingsagendaen er nå i ferd med å bli ein meir integrert del av norsk utanrikspolitikk. Bistanden blir i større grad innretta mot utfordringar som berører det norske samfunnet, som tryggingspolitikk, klimaendring og handels- og investeringsspørsmål. Både norsk og internasjonal utviklingspolitikk legg samstundes større vekt på å mobilisera utviklingslands eigne ressursar gjennom betre styresett, skattepolitikk, antikorrupsjonsinnsats, offentlegheit og demokratisk ansvarlegheit.
Dessutan er det faktisk blitt godt over 400 millionar færre fattige i verda dei siste 15-20 åra, påpeika Kulild, og ein langt større del av dei fattige enn før bur nå i mellominntektsland. Ein annan viktig faktor er at G20, ikkje-tradisjonelle aktørar og sør-sør-samarbeid vil spela ei større rolle i utviklingspolitikken i framtida. I tillegg kjem at bistandsmottakarane ønskjer å påverka bistanden i større grad, samstundes som mange utviklingsland blir mindre avhengige av bistand. Klimatiltak og energispørsmål har rykka opp på den utviklingspolitiske dagsordenen. Kullid peika også på den større økonomiske dynamikken i Afrika, som mellom anna har ført til at investeringar der nå gir betre avkasting enn andre stader.
Kulild meinte desse trendane reiser mange spørsmål for utviklingspolitikken etter 2015, ikkje minst om bistand til mellominntektsland. Etter hennar syn bør bistanden i større grad tilpassast mottakarlandas ønske og mindre gjevarlandas dagsorden. Samstundes må krava om effektivitet, openheit og nulltoleranse for korrupsjon stå ved lag.
Kulild viste til OECDs nylege midtvegsgjennomgang av norsk bistand, som hadde peika på at bistanden i større grad blir sett som ei strategisk investering på politikkområde der Noreg kan utgjera ein forskjell, heller enn som støtte til geografiske område. Denne omprioriteringa frå land til tema har ført til at Brasil i fjor var den største mottakaren av norsk bistand. Dessutan gjekk store summar til sårbare statar som Afghanistan og dei palestinske områda (sjå Kullids presentasjon).
Til slutt omtalte Norad-direktøren det norske samarbeidet med Gates Foundation om global helse som eit døme på vellukka nytt offentleg-privat samarbeid i bistandspolitikken. Auken i talet på både private og offentlege bistandsaktørar saman med større økonomisk vekst i utviklingslanda og mindre bistandsavhengigheit peikar mot ein ny dynamikk i bistandsbildet. Kullid meinte Noreg er vel plassert til å prøva ut nye typar bistandssamarbeid og idéar om gjensidig nytte.
Joe Cerrell tok ballen og roste Gates Foundation sitt samarbeid med Noreg. Han støtta Kulilds syn, at bistanden er i ferd med å endra seg. Bistand blir nå sett som eitt av mange og samansmeltande verkemiddel for utvikling. Gates Foundation har valt seg ut helse, særleg vaksinar, og landbruk, særleg i liten skala, som sine spesielle satsingsfelt (sjå Cerrells presentasjon). Internasjonal innsats hadde redda millionvis av liv dei siste åra og fondet vil berre forsterka satsinga i åra som kjem. Dessutan satsar det på ein grøn revolusjon i Afrika, basert på forsking og erfaringar frå resten av verda. Cerrell viste til den store produktivitetsveksten i Senegals landbruk dei siste åra som døme på at det nyttar. Ei tilsvarande utvikling i resten av Afrika vil kunna føra til bortimot halvering av fattigdommen der.
Neste møte i serien Changing Aid handlar om “Chinese aid to Africa: Lessons and discussion points for Norway” og finn stad på Håndverkeren 3. mai kl 0800-1000
Referent: Tore Nedrebø