A changing paradigm for aid: Implications for Norway. Frokostmøte 1: Does strong African growth spell an end to aid as we know it?
22. mars: Kva betyr sterk afrikansk vekst for bistanden?
Does strong African growth spell the end of aid as we know it?" Dette var tittelen på eit ope møte i Polyteknisk forening tysdag 22. mars. Møtet inngjekk i ein møteserie om ”Changing Aid” støtta av UDs Refleks-prosjekt. Hovudinnleiar var Henri-Bernard Solignac-Lecomte frå OECDs Development Centre. Professor Kalle Moene frå Universitetet i Oslo kommenterte innlegget.
Her er nokre av Solignac-Lecomte sine hovudpoeng:
- OECD anslår veksten i Afrika under eitt til å bli 5,2% i 2011. Anslaget kan bli påverka av uroa i Nord-Afrika. Det er noko under den forventa, samla veksten i Kina og India og om lag på linje med Brasil. Veksten i Afrika i 2010 var 4,5%.
- Afrika er dermed ikkje ”the hopeless continent”, som The Economist hevda for ti år sidan. Veksten er det afrikanske kapitlet i ei global bok som handlar om maktforskyving austover. OECD anslår at 80% av veksten i Afrika skuldast veksten i Kina. Aukande sør-sør-handel er dermed karakteristisk for den nye økonomiske verdsorden som veks fram.
- Men Afrika er blitt meir interessant som investeringsmål og marknad også av interne grunnar: det totale folketalet stig og utgjer nå over ein milliard; middelklassen aukar; den økonomiske politikken er meir ansvarleg, og det er mindre konflikt og krig enn før. På den andre sida utgjer infrastruktur, kapasitet og styresett framleis store utfordringar.
- Veksten fører til mindre fattigdom, men også større ulikskap.
- ”The rise of the rest” er ikkje “a threat to the West”. Også OECD-landa tener på det som skjer. “A rising tide lifts all the boats”. Afrikas handel med Vesten avtar relativt sett, men Afrikas samla handel med andre vekstøkonomiar har samstundes passert handelen med Kina.
- Samla utanlandske direkteinvesteringar (FDI) er nå større enn offisiell bistand (ODA) til Afrika. Men mest FDI går til oljerike land, spesielt i Nord-Afrika. FDI frå OECD-landa er framleis langt større enn den frå ”nye partnarar”, og andelen veks. India var dessutan ein større investor i Afrika 2001-2010 enn Kina.
- Samstundes veks også ODA til Afrika. Det held på å utvikla seg ei oppgåvefordeling (komplementaritet) heller enn konkurranse mellom tradisjonelle og nye partnarar i bistanden. Det er ikkje slik at ein modell (Kinas/Beijing consensus) jagar ut ein annan (den vestlege/Washington consensus). Endringar skjer i begge retningar samstundes, delvis på grunnlag av dialog i/med OECDs utviklingskomite (DAC) om ”best practice”. DAC ønskjer samarbeid og dialog med nye partnarar velkommen, og mykje har alt skjedd i China-DAC Study Group. Det vil ikkje utvikla seg eitt, einerådande bistandsparadigme.
- Indikatorar på styresett i Afrika har ikkje forverra seg i takt med Kinas aukande engasjement.
- Afrikanske lands gjeldssituasjon har heller ikkje forverra seg særleg pga lån frå Kina. Kina har ikkje utnytta vestleg gjeldsavskriving – kinesiske lån har for det meste gått til land med store naturressursar, og i mindre grad til post-HIPC-land.
- Fleire bistandspartnarar har gitt afrikanske regjeringar større politisk spelerom (”policy space”) utan at dei har bytta ut tradisjonelle med nye partnarar. Men evna til å utnytta dette spelerommet er framleis avgrensa. Samstundes viser erfaringane til nye partnarar at mange vegar kan føra til utvikling.
- OECD-landa står overfor ei ny og meir kompleks bistandsverd. Dei vil framleis vera nøkkelpartnarar for Afrika, men bistandspolitikken, og ikkje minst tradisjonell kondisjonalitet, bør revurderast. Trekantsamarbeid mellom tradisjonelle og nye bistandsgjevarar og mottakarland bør prøvast ut.
Kalle Moene sa seg i hovudsak samd med Solignac-Lecomte sin analyse. Han understreka likevel at ”there may be good reasons to change aid, but strong African growth is not among them”. Moene meinte tvert om at mottakarlanda ikkje må “straffast” med bistandskutt når det nå endeleg går betre. Moene understreka også at ein må skilja mellom vekst og forbetring. Den nordiske erfaringa viser elles at god sosialpolitikk kan vera god økonomisk politikk.
Referent:
Tore Nedrebø